26.1.07

Kvar er vi no?

Mykje har skjedd sidan vi vart med i Lærande nettverk. Å bli med i eit slikt prosjekt forpliktar, og planar, idear og tankar har vorte sett ned på papiret, og etter kvart realisert. Det er vel ein realitet at utan Lærende Nettverk og ein positivt innstilt rektor hadde ikkje NAus utvikla seg så mykje, så fort, på IKT sida. Spanande!

Så langt har NAUS fått ei ny nettside, ein ny og godt fungerande blogg, ein del nytt utstyr til bruk i undervisninga, og kursing av ansatte.

I bloggen finn ein kontaktinformasjon til skulen, informasjon om ulike prosjekt ved skulen, elevsider med arbeidsplanar og ei infoside om kva som skjer på NAUS. Denne siste sida, Kva skjer på NAus, er på mange måtar den viktigaste sida, og den som alltid og oftast blir oppdatert. Berre dumt med ei nyheitside der alle artiklane er utdaterte.

Framdrift
Neste samling i Lærende nettverk er tysdag 06.februar, på Høgskulen i Lillehammer. Lokalt på skulen skal vi ha møter der vi oppdaterer søknaden og måla våre, og desse blir lagt ut her. I tillegg skal vi oppdatere sidene i bloggen, sørge for at alle blir trygge i å bruke bloggen, og sørge for at alle arbeidsplanar blir lagt ut.
Vi må også få elevane til å bli flinkare til å bruke sidene våre aktivt!

Dersom du har innspel og kommentarar kan du sende ein e-post, eller leggje att ein kommentar i gjestebloggen vår.